Fylkesmannen i Hordaland gav i brev av 23.02.2018 løyve til at Havforskingsinstituttet kunne grave opp og fjerne 500 m3 masse ovanfor nedvandringsfella i Guddalselva. Tilsegna er grunna med at inngrepet vil ha små skadeverknader for smoltproduksjonen i elva. Fylkesmannen viser blant anna til «…den låge sjøoverlevinga for sjøaure og laks i denne regionen». Dette skal grunngje kvifor det ikkje er så farlig om yngelen og rogn nedstraums Seimsfossen vert nedslamma og drepen som følgje av gravinga like ovanfor fossen.
Underteikna drivsumde i Sahølen nedanfor fossen og vidare nedover til sjøen mange gonger i fjor haust og i vinter fram til no. I fjor haust blei det observert og filma mange hundre yngel/par av laks og sjøaure i området. No er botn dekka av slam og området er tomt for fisk. Men Havforskingsinstituttet skal ha honnør for den svært effektive metoden dei brukte her for å effektivt avlive all pukkellaksrogn og eventuell yngel.
Desse øydeleggingane var altså ok, fordi Fylkesmannen meiner at få av dei ville overlevd sjøvandringa, formodentlig på grunn av lakselus.
Nye undersøkingar i ulike vassdrag i Hardangerfjorden har tilbakevist myten om spesielt dårlig sjøoverleving i Hardangerfjorden. Skandinavisk Naturovervåkning publiserte nylig ein rapport om status for sjøauren i Granvinsvassdraget, som viste at det gjekk opp over 4000 sjøaurar i Granvinselva sommaren og hausten 2017, der 2/3 var mindre enn 31 cm og derfor sannsynligvis førstegongsvandrarar.
Rådgivende Biologer gjennomførte undersøkingar i Granvinsvatnet i 2016, og berekna produksjonen av sjøauresmolt til 3000-4000 per år. Viss meir enn 2000 av disse overlevde beiteopphaldet i fjorden og kom tilbake til elva, tyder dette på svært god sjøoverleving. Fisken hadde dessutan lite lus, og ingen teikn til skade forårsaka av lus.
Teljingane i Etnefella tyder på det same. Eit forsøk med akustisk merking i regi av Havforskingsinstituttet konkluderte med 38 prosent overleving for sjøaure i Etnefjorden.
Fylkesmannen tar altså feil i si vurdering av situasjonen i Hardangerfjorden. Det er for seint å redde yngelen og rogna i Guddalselva, men det er ikkje for seint å endre forvaltningspraksisen i forhold til lakseoppdrett og vill laksefisk. Fylkesmannen vert med dette utfordra til å forklare korleis dei vil endre forvaltninga i tråd med ny kunnskap om sjøoverleving i Hardangerfjorden.
For meir kunnskap om forskinga si påverknad på bestandene i Hardangerfjorden vert denne oppsummeringa tilrådd lest.
– Ørjan Solheim