Hei!
Har fisket hele livet og har fiskeriutdanning. I tilleg så er dette med sportsfiske nærmest en livsstil. Nå ønsker jeg å oppleve noe som har vært en drøm lenge, nemlig gjeddefiske. Bor på nordvestlandet i en bygd som heter Volda, og lurer på om det er noen plasser i nærheten der det finnes gjedde. Har søkt en del i forumer, men er lite å finne på bestemte gjeddevann i nærheten. Takk på forhånd.
Mvh Aleksander Knudsen
Hei du!
Det finst meg bekjent ikkje gjedde i Volda, og då blir det næraste i Langevåg. Det er rundt to og ein halv time å køyre frå Volda til Langevåg, inkludert ei ferje. Der finnast det gjedde i Vassetvatnet, Sætrevatnet, Veddevatn, Kringlevatnet og Storevatnet, og det har det gjort i nærare 400 år. Vassetvatnet og Sætrevatnet er vel der flest folk fiskar. Eg har blitt fortalt at Sætrevatnet husar mest gjedde, men dette er desidert mest vanskeleg å fiske i frå land, då det ofte er nedtappa, langgrunt og lite tilrettelagt. Korleis forhalda der er no, samt tips om beste plass å stå, kan kanskje Sula jeger- og fiskeforeining svare på. Dei kan kontaktast på telefon 46779770. Dei sel fiskekort på 7-Eleven, Sporten i Langevåg og ved Sula jeger- og fiskeforening. Sistnemde har ei postkasse ved klubbhuset (klekkeriet ved Vassetvatnet). Storleiken på fisken skal i snitt være mellom 1 og 2 kilo, med større slengarar innimellom. Det er blitt meg fortalt at den største gjedda var teken i Vassetvatnet, og den skal ha vore elleve kilo. Denne vart i følge historia teken med HØYGAFFEL. Dei hatar virkelig gjedde der, og er ute etter at flest mogleg fiskar etter den. Dei har tidlegare arrangert gjeddefiskekonkurranse i august for å få bort mest mogleg. Om dei arrangerar det i år veit eg ikkje. Uansett lykke til med gjeddefisket!
Mvh Sindre Bøe, allroundfisker